Invitasjon og påmelding

Det er mogleg å melde seg på også etter 13. mars, men til noko høgare konferanseavgift.

HIFO Sogn og Fjordane og historikarmiljøet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har gleda av å invitera til Norske historiedagar i Sogndal 3.-5. mai. Historiedagane er den største nasjonale møteplassen for norske faghistorikarar.

Hovudtemaet er «Stemmerett, demokrati og kjønn kring 1900 i eit transnasjonalt perspektiv», og bakgrunnen er årets 100-årsjubileum for den norske kvinnestemmeretten. Me vil setja hendinga inn i ein skandinavisk samanheng, og me ønskjer å sjå kvinnestemmeretten i lys av eit breiare register av borgarrettar og utvikling av demokratiet. Avslutningsføredraget rettar såleis blikket mot kvinnerettar i Midt-Austen. Dag to og tre har som vanleg tre økter med parallelle sesjonar og frie føredrag. Sjå programmet.

Me ønskjer velkomen til Sogn på den tida markene og liene er på sitt grønaste, snøen framleis ligg på fjella over fjorden og fruktbløminga vonleg er i full gang. Gjennom ekskursjonane vil me visa fram den historiske breidda frå adelssamfunnet i mellomalderen til industrireisinga på 1900-talet og fotballeventyret dei siste tiåra.

Prisar

Deltakaravgift innan 13. mars: 1200 kr (student 600), frå og med 14. mars: 1600 kr (studentar: 800 kr)

Deltakaravgifta inkluderer:

  • konferansemateriell
  • lunsj laurdag og sundag
  • kaffi/te alle dagar
  • ekskursjonar laurdag

Ikkje inkludert:

  • festmiddag laurdag (kr 650)
  • ekskursjonar torsdag til Balestrand/Høyanger eller Jostedalen (kr 500)

Påmelding og betaling skjer på deltager.no

Kontaktperson: Anders Timberlid, anders.timberlid@hisf.no

Velkomen til Sogn og Fjordane!

 

Posted in Uncategorized