Utsett frist (normalpris): onsdag 13. mars

Me vil gje dei som vurderer å melde seg på Norske historiedagar i Sogndal 3.-5. mai litt meir tid, så fristen for påmelding til normal pris er forlenga til onsdag 13. mars. Frå og med 14. mars (kl 00:00) går konferanseprisen opp med 400 kr. Gå til påmeldingssida.

Detaljert sesjonsprogram for konferansen ligg no på nettet.

Ved tinging av hotellrom (Quality Hotel Sogndal) må ein hugse å oppgje at det gjeld «Norske historiedagar», elles risikerer ein å få melding om at hotellet er fullt.

Vel møtt til innhaldsrike maidagar i Sogndal!

Arrangementskomiteen

Posted in Uncategorized