Balestrand og Høyanger

Ekskursjon torsdag 2. mai kl. 10:00-16:00

Høyanger

Høyanger

Kommunesenteret Høyanger var tidleg på 1900-talet ei avsides grend. I løpet av åra 1916-17 vart den fredelege bygda omskapt til ein moderne industristad, regulert og teikna av dei beste arkitektane i landet. Det var dei veldige fossane kring Høyanger som skapte grunnlaget for den nye tida. Men det var sterke politiske spenningar både mellom det gamle bondesamfunnet og den nye industristaden og internt i industrisamfunnet Høyanger. Høyanger har dei siste tiåra gått gjennom ei stor omlegging; frå at industrien var ein stad som sysselsette alle har den no vorte ein arbeidsplass for dei få.

Ekskursjonen omfattar besøk på fabrikken, vasskraft- og industristadmuseet. Staden har også eit bustadområde freda av Riksantikvaren.

Kvikne's Hotel i Balestrand

Kvikne’s Hotel i Balestrand

Balestrand har av turistar og kunstnarar vorte rekna som perla i sognelandskapet. Her samla monarkar, kunstnarar og rikfolk seg i hageselskap, og mange av dei bygde praktfulle villaer i drakestil. Kvikne’s Hotel med sin kjende fasade mot Sognefjorden, vert rekna som juvelen i norsk sveitsarstil. Den tyske keisaren Wilhelm II hadde Balestrand som sitt faste turistmål i åra før den første verdskrigen. Turistbygda har også si eiga engelske kyrkje bygd i 1897. Den sorterer under biskopen av Gibraltar.

Oppmøte i Sogndal – nærare melding om frammøte kjem seinare.

Guide: Anders Timberlid, historikar ved HiSF som no arbeider med eit verk om historia til Høyanger tettstad

Pris: kr 500

Det vert pausar der ein kan kjøpe seg mat undervegs.