Topptur på ski i Jostedalen

Ekskursjon torsdag 2. mai kl. 11:00-18:00

Jostedalen har gjennom 100 år gått frå å vere ei av dei mest karrige og avsidesliggjande jordbruksbygdene på Vestlandet til å bli ei bygd prega av reiseliv, aktivitetsturisme og tilflytting. Dei siste åra har toppturar og brattkøyring i villsnø vore i ei rivande utvikling her som mange andre stader.

Fjellførar Bjørnar Bjørhusdal frå FimbulJostedal vil ta oss med på eit av dei finaste skifjella i dalen, alt etter kvar det er best tilhøve. Valet står mellom Vangsen, den store klassikaren og det høgste fjellet i Jostedalen, Geisdalsnosi, som har sol langt ut på ettermiddagen, eller Lioksli, det tøffaste skifjellet, rett bak Bjørkehaugen som segna seier at Jostedalsrypa kom frå.

Utstyr og gode tips: Me tilrår utstyr som er bra for skiskreiing, det vil seie type randonne eller telemark, eventuelt splitboard. Me går opp med skifeller, dei bør ha bra lim på og dekkje breidda på skia på midten. Om du er plaga med gnagsår, teip hælen før turen! Gode fjellklede må med, gjerne ekstra huve og vottar, mat og godt med drikke. Fimbul stiller med skredutstyr, men om du har spade, søkestang og/eller skredsøkar, ta det med.

Reiselivs- og lokalhistorisk guiding undervegs. Oddmund Hoel, historikar ved HiSF og busett i Jostedalen, blir med på turen.

Frammøte på Jostedal hotell, som ligg på Gjerde i Jostedalen, ca 60 km frå Sogndal. Me ordnar transport Sogndal-Jostedalen onsdag kveld eller torsdag morgon for dei som treng. Ta kontakt med oddmund.hoel@hisf.no.

Pris: kr 500 per deltakar (betaling ved frammøte).

Me tek atterhald om avlysing ved dårleg ver.

Etter turen kan den som vil få omvising på Breheimsenteret som opnar att 1. mai etter brannen i 2011. Ein kan kjøpe seg middag på Jostedal hotell.

Ned frå Vangsen i Jostedalen (20. juli). Gjerde og Nigardsbreen i bakgrunnen. (Foto: Oddmund Hoel)

Ned frå Vangsen i Jostedalen (20. juli). Gjerde og Nigardsbreen i bakgrunnen. (Foto: Oddmund Hoel)