8 og 9. Moderniseringvegar og identitetsdanning – regionar og fylke som historiske forskingsobjekt

(Detaljert sesjonsprogram med innleiarar)

Anten ein med region tenkjer på fylke, større landsdelar eller mindre geografiske einingar, vil ein finne både særeigne og allmenne drag ved den historiske utviklinga. Ho vil også bli forma i eit samspel mellom indre særdrag, mellom anna dei som spring ut ifrå naturressursar og topografi, og strukturelle band, kontaktar med og impulsar frå verda utanfor.

Denne sesjonen skal handle om ulike problemstillingar knytt til den historiske undersøkinga av fylke/regionar. Særleg interessant er det å få fram konkrete døme på økonomisk og kulturell utvikling/ modernisering, og korleis dette heng saman med danninga av regionale identitetar.

Så vidt mange regionhistoriske prosjekt er no gjennomførde eller under arbeid at det etter kvart finst eit godt empirisk grunnlag å drøfte dei ut ifrå. Me håpar også å få til ein meir prinsipiell diskusjon om region/fylkeshistorie som lokalhistorisk sjanger: Kva skil denne frå historieskriving med andre geografiske einingar som utgangspunkt?