Musikalske innslag

Opninga fredag: Joakim Anselmby

Pianisten Joakim Anselmby vil under opningen av årets historiedagar framføre verk av Nadia Boulanger og Frédéric Chopin, i tillegg til eit eige arrangement over tonar av Hildegard von Bingen.

Anselmby er utdanna ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Etter ferdig diplom fekk Anselmby undervisningsstilling ved same stad, ei stilling som vart kombinert med utstrekt konsertverksemd i inn- og utland. I dag arbeider han som distriktsmusikar i Sogn. I debutalbumet «Transformations» (2010) har han sett sitt preg på verk av mellom anna Grieg, Chopin og Rachmaninoff. Transformasjonar, slik eg forstår det, ligg i møtet mellom Anselmby og komponisten, der tonar og fraseringar får eit fargespråk som både sameinar og utfordrar tida mellom dei.

Sjå meir om Anselmby på heimesida hans.

 

Historikarkro fredag: Lena Skjerdal

Jazzvokalisten, høgskulelektoren (HiSF) og sognekvinna Lena Skjerdal står for underhaldninga under kveldens historikarkro. I 2009 vekte Skjerdal stor merksemd med utgjeving av plata «Home», Produsenten, jazzmusikaren Karl Seglem, uttrykte mellom anna at «Det er blitt ei poetisk plate med sterke komposisjonar. Eit nakent og opent lydbilete som eg er stolt av å kunne gje ut». På plata får ein kjennskap til ei dyktig vokalist, som óg har skapt eit eige univers i tonesetting av vakker poesi. På plata møter vi songane hennar saman med det som utgjer Lena Skjerdal Trio. Med same vakre røyst endrar ho scenen fredag kveld, da saman med gitaristen Inge Ronny Kvåle, også han busett i Sogndal. Skjerdal og Kvåle har hatt ulike prosjekt saman sidan ungdomstida, og det lovar godt for kveldens underhaldning.

 

Festmiddagen laurdag: Kari Malmanger

Kari Malmanger er ein songar med brei erfaring innanfor song. Hovudvekta er på folkemusikk, med ei forankring til Vestlandet, men ho har og jobba ein del med jazz og improvisasjon. Ho er utdanna frå Raulandsakademiet, Kvedarskulen på Ole Bull Akademiet og har master i etnomusikologi frå Universitetet i Bergen. Malmanger held konsertar i inn- og utland, og på debutplata hennar «No soli bakom blåe fjell» gir ho lytterane ei fin samling av både religiøse viser og skjemteviser som inntil no har vore gøymde minne i arkiv eller hjå eldre menneske som kan folketonar andre har gløymt.

Du finn meir om Kari Malmanger på heimesida hennar.

/Hilde L. Jåstad