10. Busetnadssogearbeid frå arkivlesesal og skrivemaskin til Dropbox og Facebook

(Detaljert sesjonsprogram med innleiarar)

Tittelen på sesjonen er sjølvsagt tabloid og ikkje spesielt dekkjande for innhaldet. For ordens skyld: «busetnadssoge» er ei nemning ein del i fagmiljøet prøver å innarbeide til erstatning for den gamle «gards- og ættesoge / slektshistorie». Det blir framleis sett i verk fleire slike prosjekt, enten frå botnen av eller i form av meir eller mindre oppdateringar av eldre bokverk. Dei er alle kostnadskrevjande og langvarige. Dei samla prosjektkostnadane kan etter kvart kome opp i tosifra millionbeløp, og ein må vanlegvis rekne med i alle fall 10 år, ofte lenger, frå «ide til ferdig bok» (etter ein av boktitlane til Norsk lokalhistorisk institutt).

Grunngjevinga for ei ny nemning på sjangeren er todelt. For det eine er ikkje slike bokverk slektshistorie slik ein vanlegvis forstår omgrepet. For det andre er ikkje gardane lenger dei sentrale (einaste) bu-, produksjons- og forbrukseininga dei var i bygdene da sjangeren voks fram i første halvdel av 1900-talet. Gardane og historia deira er sjølvsagt framleis relevante, men det vil òg andre tilsvarande einingar innfor eit «alle skal med»-paradigme slik verk vanlegvis skrivast etter vere.

Hovudføremålet med sesjonen er å formidle og drøfte generelle utfordringar innan sjangeren for pågåande og / eller framtidige tilsvarande prosjekt / kollegaer som kanskje luktar på å ta på seg oppdrag som «bygdebokforfattar» etter utlysing frå ein kommune, eit sogelag o.l.

Innlegga på sesjonen vil ta opp erfaringar, utfordringar og tankar om skriving av grendesoge som avløysar for den gamle gardshistora, korleis organisere slike prosjekt og korleis slike prosjekt kan utnytte litt av den raske teknologiutviklinga i våre dagar til å forbetre prosessar og resultat.