Byvandring i Sogndalsfjøra

Ekskursjon laurdag 4. mai kl. 14:00-18:00

Gamle Sogndalsfjøra slik fotografen Knud Knudsen foreviga staden i 1880-åra

Gamle Sogndalsfjøra slik fotografen Knud Knudsen foreviga staden i 1880-åra

På folkemunne kalla Fjøra, er Sogndalsfjøra den eldste delen av Sogndal. Strandsitjarstaden Sogndalsfjøra strekte seg frå utløpet av Sogndalselvi og inn til kommunekaia, og har ei lang historie. Det vart drive litt handel og handverk her, men Sogndalsfjøra var lenge som ein slum å rekna, med eit svært høgt innslag av fattige. Det var her meistertjuven Gjest Baardsen vaks opp. Utover 1800-talet betra forholda seg, og Sogndal tok form som eit bygdesenter. I 1819 vart det første fylkessjukehuset bygt her, og i dag held framleis Lerum fabrikker til i dette området.

Guide: Inge Jarle Yttri, pensjonert lærar og undervisningsinspektør frå Sogndal