Skule- og idretthistorisk vandring på Fosshaugane

Ekskursjon laurdag 4. mai kl. 14:00-18:00

Fosshaugane Campus i 2011. (Foto: Arve Uglum, NRK)

Fosshaugane Campus i 2011. (Foto: Arve Uglum, NRK)

Skule- og idrettsutbygginga i Sogndal dei siste 40 åra har vore konsentrert på Fosshaugane, som er mest kjend som arena for elitedivisjonslaget Sogndal. Med Høgskulebygget (2012) er Høgskulen i Sogn og Fjordane sine aktivitetar i Sogndal for fyrste gong samlokaliserte. Same året opna nybygget til Sogndal vidaregåande skule. I 2006 stod Fosshaugane Campus ferdig, eit kombinert skule-, nærings- og idrettsbygg under nye tribunar på Fosshaugane fotballstadion. Mellom anna har både HiSF, den vidaregåande skulen, Sogndal Fotball og NRK lokale i bygget. Frå før ligg både Sogndal ungdomsskule og ikkje minst alle store idrettsanlegg i Sogndal på Fosshaugane.

Guide: Gunnar Yttri, dekan ved Avdeling for samfunnsfag (HiSF), historikar og forfattar av “Frå skuletun til campus. Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane” (2009)