Solvorn og Urnes stavkyrkje

Ekskursjon laurdag 4. mai kl. 14:00-18:00

Solvorn

Solvorn

Solvorn ligg vakkert til ned mot Sognefjorden i Luster kommune. Med røter som strekkjer seg mange hundre år tilbake, har bygda spelt ei sentral rolle som handelsstad for innlandsbygdene i Indre Sogn. Her vart det arrangert fiskestemne, og framleis kan ein sjå dei gamle fiskebuene i vasskanten. I Solvorn kan ein også sjå eit av dei største herskapshusa i Sogn: den gamle sorenskrivargarden. Sorenskrivaren heldt til i Solvorn frå 1814 til 1965, før embetet flytta tilbake til Sogndal. Solvorn er kanskje mest kjend for Walaker Hotell. Det er opphavleg ein gammal gjestgjevargard og skysstasjon, og i 1696 vart han kjøpt av familien Nitter. Dei starta hotell, og hotellet har vore i samanhengande drift sidan 1696, eigd og drive av familien Nitter.

Urnes stavkyrkje

Urnes stavkyrkje

Frå Solvorn tek me ferja over til Ornes, og Urnes stavkyrkje. Stavkyrkja vart bygd rundt 1130, og er på UNESCO si verdsarvliste. Arkitekt Peter Blix hadde planar om å byggje ho om for å likne meir på Borgund stavkyrkje, men han kom aldri så langt. Urnes stavkyrkje er difor ei av dei mest opphavlege stavkyrkjene i Noreg, og er mindre pynta enn Borgund. Ho er likevel vakkert dekorert, og her finn ein den kjente Urnes-portalen. Frå kyrkja har ein flott utsikt over Sognefjorden.

Guide: Aage Engesæter, førstekonservator ved Norsk Reiselivsmuseum og tidlegare direktør ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum