Kaupanger og Sogn Folkemuseum

Ekskursjon laurdag 4. mai kl. 14:00-18:00

Kaupanger (Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK)

Kaupanger (Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK)

Kaupanger ligg på halvøya mellom Sogndalsfjorden, Sognefjorden og Lustrafjorden. Bygda skil seg ut på Vestlandet ved at den i 350 år har vore dominert av to gods. Grunnen til godsdanninga er dei store skogområda som gav grunnlag for ein lukrativ trelasthandel frå byrjinga av 1600-talet. I samband med dette vaks det fram eit omfattande leiglendings- og husmannsvesen. Desse var arbeidskraft i samband med skog- og sagbruksdrifta. Medan leiglending- og husmannsvesenet i stor grad vart avvikla på slutten av 1800-talet, stod ordninga ved lag i Kaupanger fram til ca. 1950.

Guide: Anders Timberlid, historikar ved HiSF som gav ut bygdebok for Kaupanger i to band i 2012

Turen går deretter til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum på Vestreim. Museet opna i 1909 og har landets største reiskapssamling. Her vil professor Ida Blom opne utstillinga “Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane” som er laga i høve Stemmerettsjubileet. I samband med opninga vert det konsert med Sigrid Moldestad og band.

Ekskursjonen, utstillingsopninga og konserten er gratis for konferansedeltakarane.